Reinsdyrhorn er eit ettertrakta handverksmateriale av fleire grunnar. Dei er for det fyrste ei naturleg kjelde for hardt, men formbart naturmateriale. For det andre, gjer den naturlege variasjonen i mønster og farge dei estetisk tiltalande. Dessutan er skandinavisk reinsdyrhorn ei berekraftig og fornybar ressurs for skaftmateriale.
Det er likevel ein meir alvorleg årsak til at vi framhever reinen i år – den pågåande situasjonen for dyrelivet over heile kloden. Sjølv dei velstelte ville og semi-temma nordiske reinflokkane er for tida under press. Dei viktigaste trugsmåla er, som i mange delar av verda, menneskeleg inngrep. Vår 2023 Limited Edition-kniv er derfor dedikert til å auke merksemda rundt økosystema våre generelt og reinsdyra spesielt.
Dette er Rein
Rein er sjøvsagt designa med biletet av eit reinsdyr i tankane. Dette er store, elskverdige dyr som er tilpassa livet i nord. Fargane i kniven speglar reinsdyra – jordiske tonar blanda med variasjonar i kvitt.
Kniven har eit 9 cm høgpolert blad i vårt laminat H3LS-stål med skandinavisk slip. Komposittskaftet har ein tydeleg mage med like delar lær og reinsdyrhorn, innramma av eit for- og bakstykke i mørk eik. Forma er som ein klassisk norsk friluftskniv, perfekt til det meste du treng ein kniv til, anten du har tenkt deg på søndagstur eller lengre eventyr.
Kniven kjem i ei slire av ekte, vegetabilsk garva brunt lær med eit reinsdyrtrykk på framsida.