Harding representerer på mange måtar essensen i Helle. Når den kom i 1986 var den ein moderne vri av dei klassiske knivane med samansett skaft. Med sin kombinasjon av mørkt og lyst treverk sette Harding standarden for ein ny generasjon av knivar med samansette skaft. Og originalen er framleis ein av våre mest populære den dag i dag.
Det klassiske tønneforma skaftet er laga av lag med mørk eik, lær, masurbjørk og ei framplate i rustfritt stål. Bladet er forma med ein liten drop-point, og er i vårt klassiske trelagsstål med ein høgpolert finish. Saman bidrar dette til at dette både er ein perfekt instagramkniv og ein påliteleg kniv som fungerer til alt du treng ein kniv til på tur.
Harding kjem i ei klassisk slire i brunt lær med ein ekstra søm og stropp som låser kniven fast i slira.