Eggen er ein av de mest ettertrakta produkta til Helle Fabrikker. Med Eggen 12C27 får du same design og kjensle som den tradisjonelle Eggen H3LS, berre no med eitlags-stål i bladet.
Valet mellom 12C27 og H3LS (laminert) kjem an på korleis du ønskjer å bruke kniven din.
Sandvik 12C27 er eit stivare stål, og vil gi deg ei anna kjensle. Det fullherda bladet (sidan det ikkje er laminert) kan òg slipast til ein skarp rygg, for alle dei av dykk som tenkjer å bruke kniven med eit tennstål.
Eggen 12C27 har eit nydeleg skaft fra eitt stykke utvald masurbjørk, kjærleg pussa og polert for hand til ein fløyelsmjuk finish. Skaftet er utstyrt med ein velproporsjonert fingerstoppar for tryggleiken si skuld.
Eggen 12C27 blir levert med ei svart slire i ekte lær med sølvfarga søm som matchar aluminiums knuppen i enden av skaftet.