Bleja er den stilige arbeidshesten blant Helle sine foldeknivar. Idèen bak Bleja var å lage ein foldekniv som kjennest som ein vanleg Hellekniv i låst posisjon, noko de har lukkast ganske godt med!
Bleja er ein forbetra versjon av Helle sin første foldekniv, Dokka. Størrelsen og dei ergonomiske kvalitetane til denne kniven er tatt vare på, og det er lagt til fleire visuelle detaljar og ein meir solid liner i rustfritt stål som beskyttar mekanismen.
Resultatet er ein kniv som du kan ha i lomma, men som samstundes fungerer som ein vanleg kniv når du treng det.
Kniven kjem med ei slire som kan festast i belte.
Kniven er som alle Helle sine foldeknivar kalla opp etter fjell i nærområdet. Bleja er det største fjellet i Holmedalsområdet, akkurat som Bleja er Helle sin største foldekniv.